Ingrid Fiskaa
 svarer 
Anne Beathe Tvinnereim

Korleis blir erfaringane og kontaktane som er oppnådd gjennom Kunnskapsbanken og Olje for Utvikling bruka vidare?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.

Spørsmål 1888 (2023-2024)

Noreg har oppnådd gode resultat med å dele erfaringar innan mellom anna skatt og forvalting av naturressursar med utviklingsland gjennom Kunnskapsbanken. Frå 2024 er ikkje Kunnskapsbanken ein eigen post på bistandsbudsjettet, og Olje for Utvikling skal avviklast i løpet av året.

Korleis blir erfaringane og kontaktane som er oppnådd gjennom Kunnskapsbanken bruka vidare, og korleis vert kunnskapsprogramma prioritert med ressursar framover?

Svar fra fredag 3. mai 2024

Eg er einig i at Noreg har oppnådd gode resultat med å dele erfaringar innan forvaltning av ressursar med våre samarbeidsland gjennom Kunnskapsbanken. Dette gjeld også programmet Olje for utvikling (Ofu). Gjennom snart 20 år har norske institusjonar delt våre erfaringar med å forvalte petroleumsressursar på ein ansvarleg måte, og som samstundas fremjar miljøomsyn og openheit om inntekter. Regjeringa vil foreine klima og utvikling, og det er behov for store investeringar i fornybar energi. Difor har regjeringa gjort rein energi til ei hovudsatsing i norsk utviklingspolitikk, og vi avviklar Ofu i 2024. Vi har oppretta eit nytt kunnskapsprogram, Energi for utvikling (Efu), som vektlegg fornybar energi.

Nokre tiltak som har vore støtta gjennom Ofu-programmet vil likevel halde fram med dei same norske partnarane i dei same landa. Det gjeld tiltak som dreiar seg om skatt, miljø og reduksjon av utslepp. I praksis tyder dette at delar av finanskomponenten heldt fram i programmet Skatt for utvikling. Likeins heldt delar av miljøkomponenten fram i dei to programma Efu og Hav for utvikling. Reduksjon av utslepp frå petroleumssektoren, som fakling, kan inngå i Efu.

Dette gjeld derimot ikkje tiltak som dreiar seg om å styrke kapasitet innan kartlegging, leiting, utvinning og produksjon av petroleumsressursar. Programmet Efu og andre kunnskapsprogram drar likevel nytte av erfaringane frå Ofu når det gjeld programadministrasjon, prosjektforvaltning og samarbeid på tvers av faginstitusjonar i samarbeidsland. Der det er relevant, skal vi også framover bruke kontaktane som alt er etablert gjennom Ofu-samarbeid.

I 2024 er strukturen i budsjettet endra slik at kunnskapsprogramma hentar sine finansieringskjelder over fleire tematiske budsjettpostar. Dette er eit grep for å integrere kunnskapsprogramma betre i tematiske satsinger, og representerer inga endring i regjeringas prioritering av Kunnskapsbanken. Ny kap. 161, post 73 Styresett og offentlige institusjoner vart til dømes tilført 5 mill. kroner for å styrke arbeidet med nasjonal ressursmobilisering for berekraftsmåla. I Utanriksdepartementet sin budsjettproposisjon til Stortinget (2023-2024), er det å styrke offentleg forvaltning i samarbeidsland eit mål eller ei prioritering på alle postar som finansierer kunnskapsprogram. At omlegginga av budsjettstruktur i 2024 ikkje tilseier nokon endring i prioritering, tydeleggjorde Utanriksdepartementet i tildelingsbrevet til Norad for 2024.

0:000:00