Ingrid Fiskaa
svarer
Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

Korleis er pengane på posten «Menneskerettar» frå forliket om revidert statsbudsjett for 2024 brukt for å sikra auka støtte til menneskerettsforkjemparar og fremming av demokrati?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.

Spørsmål 26 (2024-2025)

Korleis er pengane på posten «Menneskerettar» frå forliket om revidert statsbudsjett for 2024 brukt for å sikra auka støtte til menneskerettsforkjemparar og fremming av demokrati?

I regjeringas forslag til revidert statsbudsjett for 2024 var det føreslått eit kutt på 60,5 millionar kroner på kapittel 152, post 70 «Menneskerettar». I budsjettforliket mellom regjeringa og SV vart det lagt inn 60 millionar kroner til denne posten med merknad om at dette var pengar som skulle gå til «økt støtte til menneskerettighetsforkjempere og demokratifremme».

Svar fra torsdag 10. oktober 2024

Forliket om revidert statsbudsjett for 2024 for posten «Menneskerettar» innebar at kap. 152, post 70 auka med 60 millioner kroner samanlikna med regjeringa sitt forslag til RNB.
Merknad om at aukinga skulle gå til auka støtte til menneskerettsforkjemparar og fremming av demokrati er fulgt opp.

40 millioner kroner går til menneskerettsforkjemparar, journalistar, andre medieaktørar og demokratiaktivistar i Aust-Europa, Sentral-Asia og Midtausten gjennom European Endowment for Democracy. Dette er ein uavhengig mekanisme etablert av EU i 2013 som gir fleksibel støtte til lokale demokratiaktivistar. Støtte legg til grunn tilslutning til demokratiske verdiar, respekt for menneskerettar og etterleving av prinsipp om ikkje-vald.

20 millioner kroner går til tre ulike globale ordningar som finansierer tryggingstiltak for utsette menneskerettsforkjemparar, inkludert dei som arbeider med menneskerettar til skeive og trus- og livssynsfridom. Dei tre ordningane er 1) Lifeline Embattled CSO Assistance Fund, 2) Dignity For All: LGTBQI+ Assistance Program 3) International Religious Freedom Fund (IREFF). Aktivitetane sikrar blant anna finansiell støtte til tryggleikstiltak, tryggleiksopplæring, rådgiving, psykososial støtte, evakuering og tilgang til trygge opphaldsstader ved akutt fare for overgrep, rettshjelp, støtte til politisk påverknadsarbeid og midlertidig livsopphald i særlege tilfelle. Det er det amerikanske utanriksdepartementet, US Departement of State, som forvaltar ordningane.

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie KindbergStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2024