Birgit Oline Kjerstad
svarer
Tonje Brenna

NAV-kontora sine økonomiske incentiv/fullmakter innretta slik at det blir «lønsamt» å uføretrygde. Er dette noko statsråden snart vil rydde opp i?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.

Spørsmål 2593 (2023-2024)

Proba samfunnsanalyse har rekna ut at samfunnet sparer i underkant av 4 million kroner for kvar person som er omfatta av ordninga med varig lønnstilskudd frå NAV, samanlikna med full uføretrygd. Likevel er NAV-kontora sine økonomiske incentiv/fullmakter innretta slik at det blir «lønsamt» å uføretrygde.

Er dette noko statsråden snart vil rydde opp i?

Proba samfunnsanalyse har på oppdrag for Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjort ei evaluering av ordninga med varig lønstilskott frå NAV. Varig lønnstilskott vil seie at Nav kostar ein del av løna til ein tilsett som er i arbeid, men som for eksempel på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetting ikkje er like «effektiv» som andre tilsette.

Alternativet for mange av dei som får lønnstilskott er uføretrygd. Uføretrygd gir folk 66 prosent av løna dei hadde før dei vart uføre, medan med ordninga med varig lønnstilskott vil dei få utbetalt vanleg – full - løn for arbeidet sitt. Full uføretrygd er ei dårligare løysning både for dei det gjeld og for samfunnsøkonomien, seier samfunnsøkonom Audun Gleinsvik til Dagsavisa 17 august i år. 

Dei lokale NAV-kontora avgjer kven som skal få varig lønstilskott – eller ikkje – og betaler for det, medan uføretrygd flyttar kostnadene oppover: til NAV sentralt. Med andre ord er dei økonomiske incentiva lagt til rette for å uførtrygde heller enn å gi lønstilskott slik at personen kan fortsette i arbeid.

– NAV-kontora er difor forsiktige med å bruke varig lønnstilskott. Det fører til at fleire må søkje om uføretrygd, når dei heller kunne ha søkt om varig lønstilskott, påpeikar Gleinsvik.

Proba samfunnsanalyse har rekna ut kva samfunnet sparer i kroner og øre på varig lønnstilskott, samanlikna med full uføretrygd: I underkant av 4 millionar kroner for kvar tildeling.

Svar fra tirsdag 27. august 2024

På oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet har Proba Samfunnsanalyse nyleg levert ei evaluering av arbeidsmarknadstiltaket varig lønnstilskot. Ifølge Probas berekningar er varig lønnstilskot samfunnsøkonomisk lønsamt. Det er positivt. Ei evaluering frå Oslo Economics tidligare i år viser at dei fleste arbeidsmarknadstiltaka har ein positiv samfunnsøkonomisk effekt.

Som representanten peiker på har Proba rekna ut at samfunnet sparer nærmare 4 millionar kroner for kvar person som er omfatta av ordninga med varig lønstilskot frå Nav, samanlikna med full uføretrygd, gitt at full uføretrygd er alternativet. For mange på varig lønnstilskot er full uføretrygd alternativet, men for nokon vil òg gradert uføretrygd og varig tilrettelagt arbeid i ordinært arbeidsliv kunne vera alternativ. For desse alternativa har Proba rekna ut at innsparinga ved å bruka varig lønnstilskot vil vere noko mindre. Proba tilrår at varig lønnstilskot blir brukt meir, men at det er svært uvisst kor mange fleire som burde hatt tiltaket.

Probas evaluering peiker på at det er behov for å styrke kvaliteten på forvaltninga av tiltaket. Det gjeld blant anna tildeling og oppfølging av tiltaket. Proba drøfter også korleis ulik organisering og forvaltning av uføretrygd og varig lønnstilskot kan gi mindre bruk av tiltaket enn ønskeleg. I botn for dette spørsmålet ligg samspelet mellom overslagsløyvingar (folketrygden) og budsjettstyrte virkemidler (tiltaksbudsjettet) som ikkje kan nyttast om ein annan.

Probas evaluering er viktig kunnskap. Arbeids- og velferdsdirektoratet har fått Probas evaluering til vurdering. Vidare vil eg vurdere Probas evaluering i samanheng med ein nyleg offentleggjort områdegjennomgang av arbeidsmarknadsstiltaka, der det m.a. blir foreslått å skilje ut varig lønnstilskot frå post 76 under kapittel 634 Arbeidsmarknadstiltak i statsbudsjettet.

Regjeringa vil om kort tid legge fram ei stortingsmelding om arbeidsmarknadspolitikken, der m.a. varig lønnstilskot vil vere eit tema.

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie KindbergStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2024