Alfred Jens Bjørlo
svarer
Erling Sande

Vil statsråden sørge for at føringar om meir bruk av desentralisert arbeid blir tatt inn igjen i tildelingsbreva til statlege etatar for 2025?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.

Spørsmål 2611 (2023-2024)

I tildelingsbreva til statlege etatar for 2023 er det gitt tydelege føringar om å auke bruken av desentralisert arbeid, helst kombinert med påkobling til lokale kontorfellesskap, for å oppnå meir desentralisering av statlige arbeidsplasser og styrke lokale fagmiljø. I tildelingsbreva til statlege etatar for 2024 er det ingen føringar om auka bruk av desentralisert arbeid.
Vil statsråden sørge for at føringar om meir bruk av desentralisert arbeid blir tatt inn igjen i tildelingsbreva til statlege etatar for 2025?
Ny teknologi og nye arbeidsformer gjer det stadig lettare å lokalisere medarbeidarar desentralisert for svært mange arbeidsgivarar – herunder dei fleste statsetatar. I fellesføringane i tildelingsbreva for statlege etatar for 2023 sto det følgande om bruken av desentralisert arbeid (døme Statsbygg):

«Desentralisert arbeid

For å oppnå mer desentralisering av statlige arbeidsplasser og styrke lokale fagmiljø, skal Statsbygg vurdere muligheter for økt bruk av desentralisert arbeid der det er hensiktsmessig. Dette vil være særlig aktuelt i forbindelse med utlysning av stillinger, men kan også være aktuelt for ansatte som ønsker dette. Slikt desentralisert arbeid bør fortrinnsvis kombineres med mulighet for å tilhøre et lokalt kontorfellesskap der det er tilgjengelig. Vi forutsetter at ev. arbeidsplass- og lokalanskaffelser skjer i tråd med Instruks om håndtering av bygge- og leiesaker i statlig sivil sektor.

Dersom økt bruk av desentralisert arbeid ikke lar seg gjennomføre i virksomheten, skal dette begrunnes særskilt. Rammene for desentralisert arbeid skal drøftes med ansatte og deres organisasjoner. Dette må gjøres ut fra juridisk rammeverk, arbeidsfelt, oppgaver og kompetansebehov.

Statsbygg skal i årsrapporten for 2023 omtale omfang og bruk av desentralisert arbeid i virksomheten og erfaringene med dette. I årsrapporten skal Statsbygg også vurdere mulighetene for ytterligere desentralisert arbeid. Dersom virksomheten ikke har hatt økning i desentralisert arbeid eller dersom bruken har gått ned, skal det redegjøres særskilt for årsakene til dette.»

I tildelingsbreva for 2024 er det så langt eg er kjend med ikkje sagt noko om auka bruk av desentralisert arbeid. Dette trass i at regjeringa samtidig er heilt i sluttfasen av arbeidet med fire pilotprosjekt for «Statens Hus i distrikta», der målet nettopp er å skape denne typen «lokale felleskap» for desentralisert arbeid i distrikts-Noreg.

Statens Hus-piloten i Stad kommune, til dømes, står ferdig i nye lokale i 2025 med eigne lokale skreddersydd til denne type fleksible arbeidsstader for tilsette i statlege etatar som vil arbeide desentralisert i Nordfjord-regionen. Men skal det bli fart i desse prosessane, må regjeringa sørge for å gi tydelege styringssignal om saka til dei statlege etatane.

Svar fra fredag 30. august 2024

Det er regjeringa som kvart år handsamar kva fellesføringar som skal gjelde for komande år. Det er digitaliserings- og forvaltningsministeren som samordnar arbeidet. Fellesføringane for 2025 blir formidla i tildelingsbrev til underliggjande verksemder. Desse blir sende ut etter at Stortinget har vedtatt statsbudsjettet.
Regjeringa har mål om auka bruk av desentralisert arbeid i staten, sjølv om dette no ikkje er uttrykt gjennom fellesføring i 2024.
Auka bruk av desentralisert arbeid i staten kan styrke lokale kompetansemiljø og auke distriktsbefolkninga sin tilgang til kompetansearbeidsplassar. Tilrettelegging for at statlege arbeidsoppgåver kan bli utført staduavhengig, vil kunne bidra til at ein held på og styrkar fagkompetanse i distrikta, og til å skape større fleksibilitet i det statlege arbeidslivet. Det kan betre rekruttering av etterspurt kompetanse, gje høve til å halde på kritisk arbeidskraft dersom arbeidstakarar flyttar og det gir fleire tilgang til kompetansearbeidsplassar i staten.
Kommunal- og distriktsdepartementet har også utforma ein eigen rettleiar for desentralisert arbeid for statlege arbeidsgjevarar. Rettleiaren er ein handfast reiskap til statlege arbeidsgivarar som ønskjer å leggje til rette for desentralisert arbeid i verksemda.
Gjennom fellesføringa i 2023 er dette no sett på agendaen i alle statlege verksemder, og det er tema i styringsdialogen mellom fagdepartement og underliggande verksemd. Alle statlege verksemder har i årsrapporten for 2023 gjort greie for si vurdering av moglegheitene for desentralisert arbeid, omfang og bruk av desentralisert arbeid i verksemda og erfaringane med dette. Dersom verksemda ikkje hadde hatt auke i desentralisert arbeid eller dersom bruken hadde gått ned, skulle det særskilt gjerast greie for årsakene til dette.
Det som kjem fram i årsrapportane går inn i arbeidet med ei pågåande kartlegging av statlege verksemder sin bruk av og tilrettelegging for desentralisert arbeid i staten, og røynslene med slikt arbeid. Eit viktig mål med denne kartlegginga er å få fram erfaringane ute i verksemdene så langt som grunnlag for vidare politikkutvikling og tiltak for å nå målet om auka bruk av desentralisert arbeid.
Alle departementa har i tillegg i løpet av sommaren rapportert om oppfølging av fellesføringa i sine underliggjande verksemder til Kommunal- og distriktsdepartementet. Departementet gjer no ei samla vurdering av omfang, bruk og røynslene med desentralisert arbeid i staten. Rapporteringa vil gi innsikt i kva som er viktige faktorar når det gjeld å bruke desentralisert arbeid på ein vellukka måte og vil gi oss eit endå betre grunnlag for å arbeide vidare med politikkutvikling og tiltak. Denne rapporteringa vil halde fram slik at regjeringa kan halde god oversikt over arbeidet med desentralisert arbeid.

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie KindbergStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2024