Profile
Logg på
Logg på med SSOGlemt passord?
Bli abonnent
Debatt

Alfred Bjørlo: Slå ring om tilbodet til psykisk sjuke og rusavhengige

I framlegget til statsbudsjett stryk regjeringa statsstøtta til mange organisasjonar i rus- og psykiatrifeltet. Det skjer over natta, utan at saka er drøfta med dei det gjeld, skriv Alfred Bjørlo (V).

Regjeringas øksehogg-taktikk ser ut som eit forsøk på å strupe frivillig og ideell sektor. Det kan Venstre ikkje vere med på, skriv Alfred Bjørlo.
Regjeringas øksehogg-taktikk ser ut som eit forsøk på å strupe frivillig og ideell sektor. Det kan Venstre ikkje vere med på, skriv Alfred Bjørlo.Foto: Javad Parsa/NTB
Alfred Jens Bjørlo
Dette er et debattinnlegg, og innholdet står for skribentens regning. Alle innlegg hos Altinget skal overholde presseetiske regler.

I framlegget til statsbudsjett stryk regjeringa statsstøtta til mange organisasjonar i rus- og psykiatrifeltet. Venstre meiner dette er useriøst og respektlaust av regjeringa. Mange av organisasjonane har bygd opp gode tilbod over mange år. Dei hjelper menneske som har det særs vanskeleg, med depresjon og sjølmordstankar. Frivillige og ideelle organisasjonar er eit godt supplement til offentlege tenester, og avlastar det offentlege i mange tilfelle. Dette er viktig allereie i dag, og vil bli endå meir viktig i ei framtid med aukande press på dei offentlege helsetenestene. Regjeringas øksehogg-taktikk ser ut som eit forsøk på å strupe frivillig og ideell sektor. Det kan Venstre ikkje vere med på.

Regjeringa foreslår å erstatte dagens statsstøtte med ei ordning der organisasjonane som får tilskot på statsbudsjettet i dag må søke kvart år om ein pott saman med mange fleire organisasjonar enn i dag. Dei som blir ramma av dette er både små og store organisasjonar, m.a. Kirkens SOS og Mental helse. Det vil ta lang tid før desse veit kva økonomiske rammer dei skal forhalde seg til i 2023 – noko som set dei i ein svært vanskeleg situasjon.

Venstre er opne for at det kan vere klokt å gå gjennom kven som no får direkte statsstøtte i dette feltet, og om det finst betre måtar å gjere dette på i framtida. Men vi krev at det blir gjort på ein planlagt og seriøs måte, i samarbeid med organisasjonane.

Regjeringa må bruke den tida som trengs for å sikre at viktige tilbud vert ført vidare. Det må Stortinget ta ansvar for å rydde opp i når vi no har statsbudsjettet til behandling. Elles mister mange menneske eit sårt tiltrengt lys i mørket – dei som treng det aller mest.


E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie KindbergStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2024