Kari-Anne Jønnes
svarer
Oddmund Løkensgard Hoel

Hva er den faglige begrunnelsen for å legge ned ergoterapistudiet ved NTNU Gjøvik?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.

Spørsmål 23 (2024-2025)

Hva er den faglige begrunnelsen for å legge ned ergoterapistudiet ved NTNU Gjøvik, og hvilken dialog har det vært mellom Helse Sør-Øst og NTNU i forkant av beslutningen?

Svar fra fredag 11. oktober 2024

Universiteta og høgskulane er rammefinansierte og avgjer sjølve korleis dei disponerer midlane sine for å nå dei måla som er sette for sektoren og den einskilde institusjonen. Det inneber blant anna at institusjonane har ansvar for å dimensjonere studietilboda sine i tråd med interessa frå søkarane og behova i arbeidslivet.

Regjeringa sin jobb er å syte for gode rammevilkår, ei solid rammeløyving og tydelege mål og forventningar til institusjonane. I utsynsmeldinga, jf. Meld. St. 14 (2022-2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge, og i tildelingsbreva til institusjonane for 2024, forventar vi at universitet og høgskular prioriterer blant anna helsefag.

Kunnskapsdepartementet skal ikkje drive ei detaljstyring som inneber å ha oversikt over alle dei faglege vurderingane som kvar einskild institusjon gjer for sine utdanningstilbod og innhaldet i dialogen dei har med arbeidslivet og andre aktørar i desse spørsmåla. Men eg forventar at institusjonane har god dialog med næringsliv, kommunar, helse- og velferdstenester og andre sentrale aktørar, slik at arbeidslivets behov kjem godt med i dei vurderingane som blir gjort i utvikling av studietilbodet.

Generelt er eg kjend med at Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) vurderer den vidare utviklinga av studieporteføljen og at fleire av helseutdanningane ved NTNU blir tilbydde ved fleire av studiestadane til institusjonen. Kva som er dei gode grepa for å utvikle studietilboda på ein best mogleg måte, er det NTNU som må vurdere. Med stor fridom til å sjølve disponere eigne midlar kjem òg eit ansvar.
Eg har tillit til at institusjonane innanfor dei måla og føringane som gjeld for sektoren, gjer gode vurderingar av kva som er viktig å prioritere.

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie KindbergStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2024