Spaltist:  
Bård Vegar Solhjell

Ida – verdens største spleiselag – har effekt

Ida er namnet på verdas kanskje mest effektive bistandstiltak. Det er verdas største spleiselag for multilateral bistand, kor ein meir enn tredoblar det ein betaler inn. Kvifor virker det? spør Bård Vegar Solhjell, Norad-direktør og spaltist i Altinget Løvebakken. 

Bård Vegar Solhjell slår et slag for den «grå og keisame» politikken, bistandsystemet IDA, som låner ut pengar til fattige land og får svært stor effekt tilbake. Biletet er frå Nepal, eitt av IDA-landa, under flaum tidligare i år. 
Bård Vegar Solhjell slår et slag for den «grå og keisame» politikken, bistandsystemet IDA, som låner ut pengar til fattige land og får svært stor effekt tilbake. Biletet er frå Nepal, eitt av IDA-landa, under flaum tidligare i år. Foto: Montasje: NTB/REUTERS/Navesh Chitrakar / Nadia Frantsen/Norad
Bård Vegar Solhjell

På sitt beste kan bistand ha enorm effekt, og forandre mange liv med lite pengar. Store satsingar innan helse, utdanning, familieplanlegging og bevaring av regnskog har hatt dokumentert effekt, og er ikkje minst særs konstandseffektive. Ein kan til dømes redde utruleg mange liv for ein million kroner om ein bruker dei på vaksiner i dei fattigaste landa, samanlikna med å bruke dei i rike land sine helsevesen.

Mykje større, men samstundes veldig effektivt, er Verdsbanken sitt fond for dei fattigaste landa, International Development Association (IDA). IDA lånar ut pengar til desse landa til meir gunstige vilkår enn marknaden. Delar av pengane blir også gitt som reine finansielle bidrag, også kalt gåvebistand.

Men kvifor verkar IDA så bra?

Tre-firedobling 

Ideen bak IDA er ganske enkel: Nesten 50 land bidrar med gåvebistand til fondet. Land med botnsolid økonomi, til dømes Noreg, bidrar også med vår kredittskår på trippel A, den beste ein kan ha. Kombinasjonen av bistand og finansielle garantiar frå medlemsstatane nyttast til rimlege, kommersielle innlån til IDA-fondet. Denne fordelen sendast så vidare i form av billige lån frå fondet til fattige land. Summen av utlån og bistand frå IDA har vore 3-4 gangar større enn bistanden som går inn i fondet. 

Dette er med andre ord verdas største spleiselag for multilateral bistand, kor ein meir enn tredoblar det ein betaler inn.

Bård Vegar Solhjell
Direktør, Norad

Dette er med andre ord verdas største spleiselag for multilateral bistand, kor ein meir enn tredoblar det ein betaler inn.

Men kanskje enno viktigare: IDA er veldig effektivt.

For det første går pengane til dei aller fattigaste landa, der behova er størst. Ikkje nok med det, i desse landa har også pengane størst effekt. Du får meir helse, utdanning eller regnskog for kvar krone. Landa får eitt fond å forhalde seg til, i staden for ein rekkje økonomiske støtteordningar. Slik kan styresmaktene bruke meir energi på å planlegge eigen økonomi og utvikling enn på å følge opp krava til eit stort sett av ulike gjevarar og låneinstitusjoner. 

Les også

Mottakarland blir gjevarland

Effekten av IDA-fondet er også evaluert meir grundig enn dei fleste andre satsingar i internasjonal bistand. Vi har dermed stor kunnskap om korleis tiltaka har verka. Vi veit at nesten alle pengane kjem fram dit dei skal, utan å gå over budsjettet. Vi veit også at 82 prosent av tiltaka som er støtta gjennom IDA har fått ein «tilfredsstillande» eller betre karakter i evalueringar. Men ikkje minst, vi veit at avkastninga – den samfunnsøkonomsike lønsemda – på desse tiltaka er langt høgare enn det meste som blir finansiert over eit vestleg land sitt statsbudsjett. Median-avkastninga på vurderte IDA-prosjekt er på 24 prosent, langt sterkare enn dei fleste private eller offentlege investeringar vi gjer i Noreg. 

Gjennom 60 år har dette fondet bidratt med godt over 500 milliardar dollar til 114 land. I dag er verdas 77 fattigaste land mottakarar. Det betyr at over 30 land ikkje lenger mottek støtte frå IDA. Dei har blitt for rike, og går no frå å vere mottakarland til å bli gjevarland. 

Land som Kina, India, Tyrkia og Sør-Korea var for få tiår sidan så fattige at dei stod på IDA si mottakarliste. I dag er dei blant verdas mest dynamiske økonomiar. Dét er effektiv bistand.

Nye forhandlingar

No forhandlast det globalt om ein ny runde med bidrag til IDA. IDA samla saman rekordstore 93 milliarder dollar i førre periode. Norge bidrar med 3,3 milliardar i treårsperioden 2023 til 2025. 

Dette er med andre ord verdas største spleiselag for multilateral bistand, kor ein meir enn tredoblar det ein betaler inn.

Bård Vegar Solhjell
Direktør, Norad

For den neste perioden er det moderate målet til Verdsbanken at bidraga til IDA skal stige til over 100 millardar dollar. Eg skriv moderat, fordi dette målet vil ikkje ein gong dekke prisstigninga sidan førre periode i mottakarlanda. IDA skal no også støtte klima- og miljøtiltak, og den sterke sosiale og økonomiske framgangen desse landa har hatt dei siste tiåra har snudd. Samla sett får mottakarlanda dermed mindre å rutte med trass større behov.

År 2000 byrja optimistisk med at FNs tusenårsmål skulle nåast. 15 år seinare blei desse måla etterfulgt av berekraftsmåla. 2020-talet skulle bli gjennomføringstiåret: det tiåret vi skulle utrydde ekstrem fattigdom. Det gjekk annleis. Pandemi, klima, krig og konflikt stakk kjeppar i hjula.  No er verda kraftig på etterskot med å oppnå berekraftsmåla innan 2030. 

Fattige land med høg gjeld

I følgje tal frå Verdsbanken har verda i den første halvdelen av dette tiåret hatt den svakaste økonomiske veksten på 30 år. I 2024 forventar vi den økonomiske veksten å bli på 2,4 prosent, som vil tilseie redusert vekst for tredje år på rad.

Covid var eit stort skritt tilbake, og talet på ekstremt fattige gikk opp. Mange av de fattigaste landa sit no fast i høg gjeld som dei ikkje klarar å betale ned. Det hindrar utvikling. Samstundes ser vi, etter år med framgang, at fleire kriger og væpna konfliktar blussar opp. Da skyt dei humanitære behova i vêret. Sidan 2019 reknar FN med at behova har mer enn dobla seg.

Det er altså lite i global utvikling som tyder på at IDA blir overflødig med det første. Tvert imot, avstanden mellom behov og tilgjengeleg bistand er større enn på lenge. Bistand blir viktigare.

Med så mykje positivt å seie om IDA, kvifor er ikkje denne utviklingsaktøren meir kjent? Noko av grunnen er nok at IDA er ein del av den store Verdsbankgruppa, og dermed druknar i den. Men eg trur IDA også lid av eit anna problem: politikken sin evige jakt etter noko nytt, ofte spanande og litt små prosjekt som overskygger dei store, velprøvde og litt keisame innsatsane.

Ida er det globale svaret på barnetrygd, alderspensjon eller CO2-avgifta. Noko grått, og for øvrig litt keisamt, som likevel er viktigast og mest effektivt på sitt felt.

Så la meg, byråkrat som eg er, slå eit slag for velprøvde og keisame Ida. Ho fortener vår støtte og merksemd. 

Ida er det globale svaret på barnetrygd, alderspensjon eller CO2-avgifta. Noko grått, og for øvrig litt keisamt, som likevel er viktigast og mest effektivt på sitt felt.

Bård Vegar Solhjell
Direktør, Norad

Omtalte personer

Bård Vegar Solhjell

Direktør, Norad
Cand.polit. (Universitet i Oslo, 2000)

E-postPolitikk har aldri vært viktigere

Få GRATIS nyheter fra Norges første rendyrkede politiske redaksjon

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie KindbergStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2024