Kjell Ingolf Ropstad
svarer
Kjersti Toppe

Når kan vi forvente at en proposisjon for forsterkninger i åpenhetsloven sendes til Stortinget?

«Statsråden svarer» er robotgenerert innhold som opprettes automatisk med data fra Stortingets base over de spørsmål som stilles av stortingsrepresentanter og besvares av regjeringens statsråder. Overskriftene er skrevet av Altinget. Altinget tar forbehold om feil i innholdet.

Spørsmål 2903 (2023-2024)

Regjeringen har igangsatt en evaluering av åpenhetsloven.
Hva ønsker statsråden å oppnå med evalueringen og når kan vi forvente at en proposisjon for forsterkninger i åpenhetsloven sendes til Stortinget og hvordan ser statsråden for seg at prosessen fram mot en lovproposisjon ser ut?
Regjeringen har bedt Forbruksforskningsinstituttet SIFO og KPMG om å evaluere åpenhetsloven. Prosessen er beskrevet på regjeringens nettsider. Det er uklart hva tidshorisonten for revidering av loven er og hvordan regjeringen planlegger å utrede endringene.
Regjeringen skriver selv at formålet med evalueringen blant annet er å vurdere effekten av loven, om mindre virksomheter også skal inkluderes som pliktsubjekter og om lovens saklige virkeområde skal utvides til å gjelde miljøpåvirkning og eventuelt andre områder som omfattes av OECDs retningslinjer for flernasjonale selskaper. I tillegg er det nødvendig å evaluere loven i lys av nye EU-regelverk.

Svar fra mandag 30. september 2024

Openheitslova er ei viktig lov som stiller krav til korleis verksemder skal arbeide med grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve. Lova har no verka i over to år, og som varsla i forarbeida til lova (Prop. 150 L (2020-2021)), skal den evaluerast. Dette arbeidet er no i gang. Eg meiner det er naudsynt at vi følgjer nøye med på korleis lova verkar, mellom anna fordi lova stiller opp nye plikter for verksemdene basert på internasjonale prinsipp for ansvarleg næringsliv.

Hovudføremålet med evalueringa er å vurdere om lova har verka etter føremålet, altså å fremje verksemders respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve i samband med produksjon av varer og levering av tenester, og medverke til meir openheit i verksemdene. I forarbeida til openheitslova vart det samstundes peikt på enkelte særlege spørsmål som skulle vurderast nærare i samband med evalueringa av lova. Dette er om mindre verksemder skal omfattast av lova, og om lova skal utvidast til å gjelde andre område enn grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve, mellom anna miljøpåverknad.

Etter at lova tok til å gjelde har det òg vore ei utvikling internasjonalt, seinast med at EU før sommaren i år vedtok aktsemdsdirektivet. Direktivet har mykje til felles med den norske openheitslova og byggjer på dei same internasjonale prinsippa for ansvarleg næringsliv. I den same prosessen vil det derfor òg bli sett på gjennomføringa av aktsemdsdirektivet, slik at det ikkje må gjerast endringar i openheitslova i fleire ulike prosessar med korte mellomrom. Dette vil vere i verksemdene si interesse.

Eg er oppteken av å skaffe eit godt kunnskapsgrunnlag for å kunne gjere ei grundig evaluering av openheitslova. Derfor er det bestilt to eksterne utgreiingar som saman skal gi eit godt bilete av korleis ulike aktørar opplever lova, og av styrkjer og svakheiter ved den. Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved Oslo Met skal sjå nærare på korleis forbrukarane, men òg media og sivilsamfunn har nytta seg av lova hittil. Revisjons- og rådgjevingsselskapet KPMG har fått i oppdrag å sjå nærare på korleis verksemdene har arbeidd med lova og kva for erfaringar dei har. Begge rapportane skal liggje føre i desember i år. Eg har tru på at rapportane vil gi oss eit godt grunnlag for å evaluere lova. Eg vil òg invitere ulike aktørar til eit innspelsmøte om evalueringa i haust. Det er mange som har meiningar om openheitslova, og det er viktig å gi desse høve til å kome med sine innspel i prosessen.

Etter at dei eksterne rapportane ligg føre i desember vil Barne- og familiedepartementet gå i gong med å skrive ein evalueringsrapport. Departementet tek sikte på å ferdigstille denne sommaren 2025. Parallelt med arbeidet med evalueringsrapporten vil departementet arbeide med eit høyringsnotat med forslag til endringar i openheitslova, både som følgje av funna i evalueringa og innhaldet i aktsemdsdirektivet. Regjeringa har satt ned ei arbeidsgruppe med fleire andre departement og Forbrukartilsynet som skal hjelpe til med dette arbeidet. Fristen til EU for å gjennomføre aktsemdsdirektivet er sommaren 2026.

Eg er oppteken av at vi skal ha ei sterk openheitslov i Noreg, og ønskjer å byggje vidare på dei utgangspunkta som allereie ligg i lova i dag. Eg arbeider for at regjeringa skal kunne leggje fram forslag til gjennomføring av aktsemdsdirektivet og eventuelle andre velgrunna forslag om endringar i openheitslova slik at Stortinget kan handsame dette før sommaren 2026.

Altinget logo
Oslo | København | Stockholm | Brussel
Politikk har aldri vært viktigere
AdresseAkersgata 320180 OsloBesøksadresseGrensen 150180 OsloOrg.nr. 928934977[email protected]
Sjefredaktør og ansvarlig utgiver:Veslemøy ØstremCFOAnders JørningKommersiell direktør:Marius ZachariasenAdministrerende direktørAnne Marie KindbergStyreleder og utgiverRasmus Nielsen
Copyright © Altinget, 2024